Facebook

Skal katastrofevarsle via Facebook

Katastrofevarsling via sosiale medium er eit unikt prøveprosjekt frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Publisert

(Ill. foto: Colourbox.com)

Onsdag 2. juni skal Fylkesmannen si beredskapsavdeling teste ut eit nytt varslingssystem for katastrofar og andre alvorlege hendingar, skriv Sogn Avis på nett. For første gong skal befolkninga varslast om ei mogleg hending via sosiale medium som Facebook og Twitter.

– Ei viktig side av øvinga er ei utprøving av bruk av sosiale medium til formidling av varsel. Me vil sende ut varselmeldingar på Facebook og Twitter parallelt med at dei vert sendt ut på telefon. Me er ikkje kjent med at det offentlege tidlegare har øvd på å bruke sosiale medium som informasjonskanal i krisesituasjonar, opplyser Fylkesmannen på heimesida.

I tillegg til internett skal alle innbyggjarane i Aurland, som er testkommunen, òg varslast med tale- og tekstmeldingar til fasttelefonar og mobiltelefonar.

– Varslingssystemet som skal brukast er såkalla lokasjonsbasert. Det gjer det òg mogleg å varsle alle turistar og andre mobiltelefonbrukarar som er i kommunen tilfeldig. Varselet vil gå ut uavhengig av kva land mobilabonnementet er registrert i.

Same dag som varslingsøvinga skjer vil politidistriktet og Fylkesmannen samarbeide om ei papirøving (table-top) for kommunen, politiet og frivillige organisasjonar i Aurland.

Fylkesmannen deltek i det treårige internasjonale klimatilpassingsprosjektet Clim-ATIC . Føremålet med vår del av dette har vore å lage eit demonstrasjonsprosjekt for publikumsvarsling. No skal altså aurlendingane vere prøvekaniner for det unike prosjektet.

Prosjektet har støtte frå topp politisk hald, og vart omtalt i innstillinga frå Stortinget sin forsvarskomité i saka Samfunnssikkerhet – samvirke og samordning, der komiteen drøfta behovet for eit meir moderne system for befolkningsvarsling.

(sognavis.no)

Hald deg oppdatert med vårt gratis nyhetsbrev, som vert sendt ut ein gong kvar veke! Abonnér på Aktuell Sikkerhet, og få seks utgåver i året!

"
Powered by Labrador CMS